Ledige barnehageplassarHer finn du ei oversikt over ledige barnehageplassar i Sykkylven kommune. Sist endra 10.04.2025 14.04 Førebels viser tabellen berre ei oversikt over kor vidt det er ledige plassar eller ikkje frå komande barnehageår. Etter at bemanninga er avklart vil det kome ei meir detaljert liste over talet på ledige små- og storbarnsplassar ved den enkelte barnehage (jf. bemanningsnorm). Frå august 2025 vil lista over ledige plassar bli jamleg oppdatert. Men endringar skjer fort, så vi kan ikkje garantere at lista alltid stemmer. Når du søkjer om plass bør du legge inn flest mogleg alternativ i prioritert rekkefølgje. Du hamnar automatisk på venteliste ved dei barnehagane som ikkje har ledig plass, dersom desse barnehagane ligg høgare på di prioriteringsliste enn den barnehagen som gir deg tilbod om plass. Ledige barnehageplassar BARNEHAGE UNDER 3 ÅR OVER 3 ÅR Vikedalen bhg LEDIG LEDIG Ullavik bhg LEDIG LEDIG Blakstad naturbhg LEDIG LEDIG Ikornnes FUS bhg FULLT LEDIG Krikane bhg LEDIG LEDIG Preg bhg LEDIG LEDIG Velledalen naturbhg LEDIG LEDIG TOTALT LEDIGE LEDIG LEDIG