Hovudopptak barnehage

Hovudopptaket til barnehagane opnar 20. desember. Her kan det søkast på ledige barnehageplassar for barn som ønsker oppstart frå hausten 2026. 

Søknadsfrist er 1. mars.

Slik søker du barnehageplass

Alle barn som er fødde før 1. desember 2025 har lovfesta rett til barnehageplass, dersom det blir søkt innan fristen for hovudopptaket. Kommunen har samordna opptak for både private og kommunale barnehagar. 

Søknad om barnehageplass skal sendast inn elektronisk via Foreldreportalen i Visma Flyt Barnehage.

Du loggar inn med elektronisk ID via ID-porten. Når du registrerer eit barn for første gong, klikkar du på «Legg til barn». Det er viktig at namn, adresse og personnummer blir registrert korrekt, då Visma Flyt Barnehage er knytt til Folkeregisteret. Når søknaden er sendt, vil du få ei stadfesting på e-postadressa du har oppgitt.

Desse må søke 

  • Barn som ikkje har barnehageplass 
  • Barn som allereie har plass, men ønsker å bytte barnehage 

Hovudopptaket gjeld for barn som skal starte i barnehage frå august 2026. Barn som er fødde i september, oktober eller november 2025, har rett til å vente med oppstart til den månaden barnet fyller eitt år. Husk å registrere ønska oppstartsdato i søknaden. 

Søknadar som kjem inn etter 1. mars vil ikkje bli behandla i hovudopptaket, men vurderte ved supplerande opptak dersom det er ledige plassar. 

Vi oppfordrer søkarar til å registrere fleire aktuelle barnehagar i prioritert rekkefølge i søknadsskjemaet. Dersom du ikkje får tilbod i tråd med førstevalet ditt, aukar dette sjansen for å få tilbod i ein anna barnehage som kan vere aktuell. Du kan velge å stå på venteliste for høgare prioritet, sjølv om du takkar ja til ein plass med lavare prioritet. 

Kontakt

Kjetil Solem
rådgjevar oppvekst
E-post
Mobil 48 27 50 96

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post