Fangsfeller kan ikkje plasserast ut i område der dei kan vere til fare for menneske eller husdyr. Det er berre lov å drive fangst på visse viltartar og med visse typar feller. Feller skal vere synleg merka med brukaren/fangstaren sitt namn og telefonnummer.
Fangsfeller som ikkje er lovlege eller som ikkje er sett ut og merka i samsvar med gjeldande reglar, kan fjernast av grunneigar, politiet eller offentleg naturoppsynsmynde.
Grunneigar som fjernar slike feller skal straks melde frå til politiet eller offentleg naturoppsynsmynde.
Kommunen syner til naturmangfaldlova, dyrevelferdslova, forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst og Miljødirektoratet sine nettsider.
Meir informasjon:
Feller som avliver viltet - Miljødirektoratet
Feller som fanger vilt levande - Miljødirektoratet