Budsjett 2026 - 2029

Sykkylven kommune er godt i gang med busjettarbeidet for 2026 og økonomiplanen for åra 2026 - 2029.

Som mange andre kommune opplever vi auka kostnader og større behov innan fleire tenesteområde. Samstundes er forventningane til kommunale tenester høge, både for barn, unge, vaksne og eldre. Dette gjer at kommuneøkonomien er under press, og vi må sikre at vi driftar kommunen på ein berekraftig måte.

Prioritering av grunnleggande tenester

Sykkylven kommune må tilpasse sitt tenestetilbod til ein forsvarleg og berekraftig kommuneøkonomi. Det betyr at vi i dei komande åra vil å særleg fokus på dei lovpålagte og mest grunnleggande tenestene. 

For å få ei berekraftig økonomisk utvikling jobbar vi både med å redusere utgifter og med å sjå på moglege auka inntekter. Begge desse tiltaka er nødvendig for å kunne styre Sykkylven kommune slik at vi fortsatt kan levere forsvarlege tenester til innbyggarane. 

Konsekvensar for kommunen som organisasjon 

Det er ikkje planlagt oppseiingar av tilsette. Men det kan bli endringar i arbeidsoppgåver og ein gradvis reduksjon i årsverk gjennom naturleg avgang. Dette blir handtert i tråd med god dialog med tillitsvalde og heile organisasjonen. 

Politisk behandling framover

Alle avdelingar/einingar saman med dei tillitsvalde er på ulike nivå involvert i budsjettprosessen. 

Den politiske prosessen og involveringa frå ulike styrer/råd og utval skjer framover hausten frå 10.november som er dagen kommunedirektør legg fram budsjett 2026 og økonomiplan 2026 – 2029.

Det er formannskapet som lagar innstilling til budsjett og økonomiplan til kommunestyret.

Saman for ei berekraftig kommune 

Kommunedirektøren opplever eit godt samarbeid i prosessen, både med dei tilsette, dei tillitsvalde og politikarane. Målet er å skape ein kommuneøkonomi som gir tryggleik for tenestene våre i åra som kjem. 

Handsaming av budsjettet 

Kommunestyret vedtok i møte 29. september vidare handsaming av budsjett / økonomiplan 2026-2029.