Dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling, Åsne Folstad og ordførar Olav Harald Ulstein delte i dag ut Innsatsprisen for 2023 under kommunestyremøte på kulturhuset.
Tommy Rasmussen starta eige reklamebyrå for over tjue år sida, og har sida sett sitt preg på mange bedrifter sine visuelle uttrykk med smakfullt design og profesjonelle foto. Tommy er ein entusiastisk og engasjert person, som alltid stiller opp der det skjer, om det er Teknologifestival, konsert med Roger Waters klubben, utvikling av Kyststien Sykkylven, dugnad på Næringsfabrikken eller for handelsforeninga. Lista kunne vore mykje lengre, for Tommy er ein person som aldri seier nei.
Styret i Sykkylven Næringsutvikling vil med prisen vise at lokalsamfunnet set pris på innsatsen til Tommy, som ein særs entusiastisk gründer som brenn for lokal utvikling.
Linda Rokseth etablerte Skohjørnet for ti år sidan, og har hatt ei fin utvikling av verksemda med fleire tilbod etter kvart, mellom anna Ringo Leikebutikk. Denne våren satsa ho nok ein gong, med etablering i nye, freshe lokaler på gateplan, som bidreg til eit meir attraktivt handelssentrum. Som nestleiar i Sykkylven Handelsforening bidreg ho til meir samarbeid og felles tiltak i lokale handelsbedrifter. Med stort engasjement og godt humør står Linda fram som eit føredøme for andre.
Styret i Sykkylven Næringsutvikling vektlegg pågangsmot og alltid positive bidrag inn i samarbeid, og ønskjer med prisen å vise at lokalsamfunnet set pris på hennar innsats for lokal næringsutvikling.
Ordførar saman med vinnarane
S.H.