Rusken ryddeaksjon 2024

Årleg i april/mai vert frivillige i Sykkylven kommune invitert til å ta i eit tak for lokalmiljøet ved å samle inn rusk og rask frå veggrøfter og fellesareal (NB! Ikkje hageavfall og greiner). 

Registrer deg

Dersom du ønsker å vere med på Rusken ryddeaksjon 2024 må du registrere deg. Registreringsskjema inneheld informasjon om kven som er arrangør/kontaktperson, i kva område ryddeaksjonen skal vere, og kor mange sekkar de treng. 

Sykkylven Energi - registreringsskjema

Henting av avfall

Rusken-avfallet vert berre henta dei vekene som det vert henta restavfall i området, i år er det veke 17(22. - 26. april) og veke 19(6. - 10. mai).

NB! Alt Rusken-avfall skal leggast i blanke sekkar.  Blanke sekkar kan hentast ved Sykkylven Energi etter avtale. Større gjenstandar, elektrisk avfall eller farleg avfall som ikkje kan gå til forbrenning vert ikkje henta. Dette må arrangør sjølv levere til miljøstasjonen. 

Merk også at avfall frå Rusken ryddeaksjon ikkje er herrelaust marint avfall, og er dermed ikkje avfall som går inn under refusjonsordninga til Hold Norge Rent.