Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og drenering. Søknadsfrist: 15. april Føremålet med ordninga tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og redusere forureining frå jordbruket. Tiltaka skal vere utover det ein kan vente av vanleg jordbruksdrift. Publisert 28.03.2025 15.50 Sist endra 28.03.2025 15.53 Føremålet med tilskot til drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord med potensial for auka jordbruksproduksjon, og å redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag. Det kan gis tilskot til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal og planerte arealer.Begge ordningane har søknadsfrist 15. april. Meir informasjon om ordningane finn du på kommunen sin heimeside: SMIL - Retningsliner og søknadsskjema obs! Tiltaksstrategien for SMIL- midlar er under revidering. Drenering - Retningsliner og søknadsskjema Ved spørsmål kan du ta kontakt med landbrukskontoret. Kontaktinformasjonen finn du til høgre.