Tilskot til drenering

Tilskot til drenering

God drenering er avgjerande for å auke matproduksjonen i åra som kjem, det er viktig som ledd i å tilpasse jordbruket til endringar i klima. Det vil og redusere faren for erosjon og slik bedre vasskvalitet og vassmiljø. 

Tilskotet vert gjeve til drenering av tidlegare grøfta jordbruksareal. Krav til søknaden; grøfteplan med kart og miljøplan trinn 2 eller tilsvarande miljøinformasjon.

Målgruppe 

Eigar av, eller føretak som leiger, tidlegare grøfta jordbruksareal med behov for ny drenering.

Slik søkjer du 

Søknaden skal leverast elektronisk via Altinn. Søknadsfristen er 15. april kvart år. Tilskot til drenering av jordbruksjord, avgrensa til systematisk grøfting, profilering og omgraving utgjer 2000 kroner per dekar. Ved anna grøfting kan ein få 30 kroner per løypemeter grøft avgrensa oppad til 2000 kroner per dekar. 

Søknadsskjema for tilskot til drenering av jordbruksjord 

Innvilga tilskot får du utbetalt etter at du har dokumentert at tiltaket er gjennomført. Tiltaket må gjennomførast innan tre år frå da søknaden blei innvilga.

Meir informasjon om ordninga finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider

Kontakt

Karl Johan Stadsnes
Rådgjevar miljø og landbruk
E-post
Telefon 476 60 048