Tømmestasjon i Ullavikvegen 40 er opnaOrdførar overrekte blomar til entreprenør Hole Maskin, og takka for godt og raskt utført arbeid. Deltakarar opning S.H. Sist endra 15.07.2021 14.15 Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon Ordførar Odd Jostein Drotninghaug, leiar i Næring og utviklingsutvalet Anita Kjersheim, dagleg leiar Normann Hole i Hole Maskin AS, Odd Kruger, Torill Velle og Kjartan Grebstad frå formannskapet. Dette er eit viktig bidrag til bygda vår og nye satstingsområde som turisme. Tømmestasjon er gjort klar på kort tid etter utlyst konkurranse i juni. Skilting frå hovudvegen kjem på plass etter kvart, så det er viktig å dele bodskapen til reisande. Stasjonen ligg sentralt plassert ved silanlegget etter småbåthamna. Stasjonen kan nyttast både vinter og sommar, den har tømming rett i sluk på bakken og på veggfest. Slangar for skylling og handvask er også ein del av installasjonen. Oversiktsbilde tømmestasjon S.H Tømmestasjon S.H Handvask S.H