Stortings- og sametingsval 2025

Valdagen er måndag 8. september 2025.

Du kan førehandsstemme frå 11. august til 5. september. 

Vallokale og opningstider på valdagen

Her kan du stemme på valdagen:

Sykkylven kulturhus, Kyrkjevegen 2, 6230 Sykkylven

Sørestranda skule, Ikornnesvegen 15, 6222 Ikornnes

Ungdomshuset Vårvon, Straumsheimvegen 4, 6220 Straumgjerde

Opningstidene for alle vallokala i Sykkylven er kl. 10.00 - 20.00.

Hugs legitimasjon med namn, bilde og fødselsdato.

På valdagen kan du berre stemme i den kommunen du er folkeregistrert, men du kan stemme i det vallokalet i kommunen som passer deg best, uansett kvar du bur i kommunen.

 

Den ordinære stemmeperioden

  • Førehandsstemming: 11. august - 5. september 
  • Valdagen: 8. september 

Kor kan du førehandstemme?

Sykkylven bibliotek 

Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven.

Måndag, onsdag og fredag: kl. 10.00 - 16.00
Tysdag og torsdag: kl. 12.00 - 19.00

Du kan også stemme på Servicetorget i rådhuset.

Måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag: kl. 10.00 - 14.00.

Stemme heime?

Sjuke og uføre som ikkje kan stemme i eit vallokale, kan søke om å få førehandstemme heime. Søknadsfristen er torsdag 4. september kl. 12.00. Send e-post med opplysning om namn, fødselsdato, telefonnummer og adresse til servicetorget@sykkylven.kommune.no eller ta kontakt på telefon 90 14 02 82.

Kven har stemmerett? 

Du har stemmerett dersom du:

  • er norsk statsborgar 
  • har fylt 18 år innan utgangen av 2025 
  • er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som bosatt i Norge

Husk legitimasjon

Når du skal stemme må du ha med legitimasjon med bilde, til dømes pass, førarkort eller bankkort. 

Manntal for stortings- og sametingsval 

Du er innført i manntalet i den kommunen du er registrert i Folkeregisteret som busett 30. juni 2025. 

Manntalet både for stortingsvalet og for sametingsvalet ligg ute til offentleg ettersyn på servicetorget og biblioteket frå mandag 14. juli. 

Du kan kontrollere om du er innført i manntalet ved å kontakte kommunen din, enten per telefon, e-post eller oppmøte på rådhuset. 

Les mer om valet på Valdirektoratet si nettside