Vi har totalt 7 ulike Sterk og stødig-grupper i Sykkylven. Har du lyst å vere med kan du ta kontakt med koordinator for treningsgruppene; fysioterapeut Anita Westerås. Stad og treningstider finn du nedanfor.
Kva er Sterk og stødig?
Hovudfokus er styrketrening for bein og balansetrening. Vi trener for det meste ståande og litt sittande. Du kan støtte deg til ein stol ved behov.
Gruppene blir leia av frivillige instruktørar som er kvalifiserte gjennom Sterk og stødig instruktørkurs. Fysioterapeut er rettleiar for instruktørane, og administrerer tilbodet i kommunen.
Treninga er innandørs i ditt nærmiljø og du må komme deg til og frå treninga sjølv.
Det er lagt opp til kaffi og prat etter treninga. Meir informasjon om dette får du lokalt, hos den enkelte gruppe og instruktør.
Vil du bli instruktør?
Sterk og stødig er eit populært tilbod, og vi har stadig behov for fleire instruktørar.
Som instruktør får du opplæring gjennom eit eige instruktørkurs og eit hefte med øvingar du kan bruke i gruppene. Du får hjelp til å kome i gang med ei gruppe, og vidare rettleiing frå fysioterapeut undervegs. I tillegg får du tilbod om førstehjelpskurs og fagleg påfyll. Å vere instruktør gir deg også moglegheit til å bli kjent med nye menneske og skape nye vennskap.
Vi ser etter deg som:
- er glad i å bevege deg
- liker å jobbe med andre
- er senior eller er ledig på dagtid
- ønsker å lede ei treningsgruppe i lag med andre
Vi håper du har lyst til å bli med på laget. Dersom du ønskjer å bli instruktør, kan du ta kontakt med koordinator Anita Westerås.