Fysioterapi for barn 0-18 årKommunal fysioterapi for barn og unge er eit gratis tilbod i Sykkylven kommune. Målet er å fremme god motorisk utvikling og forebygge utfordringar gjennom tett samarbeid med helsestasjon, barnehage og skule. Publisert 25.06.2025 10.07 Sist endra 25.06.2025 10.33 Kva tilbyr vi? Den kommunale fysioterapeuten arbeider helsefremmande og forebyggande, og tilbyr: Motorisk vurdering, rettleiing og informasjon Fast trefftid på helsestasjonen kvar tysdag Deltaking i “Vi-blir-kjent”-grupper med fokus på motorisk utvikling Vurderingar og rettleiing i barnehage og skule, ofte saman med ergoterapeut. Slik får du tilbodetFor å få vurdering hos fysioterapeut, kan helsesjukepleiar sette opp barnet i samråd med føresette. Det er også mogleg for føresette å ta direkte kontakt med helsesjukepleiar for å avtale tid. I tillegg kan både føresette, helsestasjonen, barnehagen og skulen kontakte fysioterapeuten direkte dersom det er ønske om motorisk vurdering i barnehage eller skule. Tenesta er gratis. Kva skjer vidare? Fysioterapeuten utfører vurderingar på helsestasjonen, i barnehagen eller på skule - avhengig av kapasitet. Ved behov for vidare oppfølging, blir barnet vist vidare til andre faginstansar.