Kreftkoordinator

Kreftkoordinator er eit lavterskeltilbod for personar som er ramma av kreftsjukdom, og for deira pårørande. Tilbodet skal bidra til tryggleik, støtte og samanheng i tenestene - uansett kvar ein er i sjukdomsforløpet. 

Ein treng ikkje å søke for å få hjelp frå kreftkoordinator. 

Kva hjelp kan du få? 

Kreftkoordinator gir støtte og rettleiing til både pasientar, pårørande og helsepersonell. Tilbodet blir tilpassa den enkelte sitt behov og livssituasjon. 

Koordinatoren kan: 

  • Tilby samtalar, råd og rettleiing
  • Vere eit bindeledd mellom sjukehus og kommunen 
  • Bidra til heilskapleg oppfølging og koordinering av tenester 
  • Gi støtte og rådgiving til helsepersonell i heimetenesta og ved Sykkylven bu- og aktivitetssenter

Kven kan få tilbodet? 

Tilbodet er for: 

  • Personar som har eller har hatt kreft 
  • Pårørande til personar med kreft 

Slik får du kontakt 

Du treng ikkje søke for å få hjelp frå kreftkoordinator. Du kan ta direkte kontakt med enten kreftkoordinator, eller heimetenestene. 

Kontaktinformasjon finn du i høgremargen på sida.