Typar institusjonsplassar
Institusjonen er delt inn i fleire avdelingar, tilpassa ulike behov:
- 18 plassar for personar med alvorleg demenssjukdom. Desse plassane er i skjerma einingar med rolege omgjevnader og tilrettelagte aktivitetar.
- 10 plasser for somatiske korttids- og langtidsopphald.
- 12 plasser for korttid, vurdering, behandling og rehabilitering.
- 1 plass for lindrande behandling (palliasjon)
- 1 kommunal akutt døgnplass (KAD-plass). Denne plassen er eit alternativ til sjukehusinnlegging for avklarte diagnosar. Opphaldet varer inntil 3 døgn og er gratis. Fastlege eller legevakt avgjer om plassen skal nyttast. Dersom det er behov for vidare opphald, blir pasienten overført til korttidsplass.
Alle avdelingane har fellesstove med TV og høve til å ete måltid saman. Det er også eit eige produksjonskjøkken ved bu- og aktivitetssenteret.
Måltid
Brukarane får servert fem måltid om dagen:
- Frukost: kl 09.00 - 10.30.
- Lunsj: kl 12.00
- Middag med dessert: kl 15.00
- Kveldsmat: kl 19.00
- Nattmat: ved behov
Kven kan få plass på institusjon?
Tilbodet er for personar som har behov for:
- Opphald eller utskriving frå sjukehus
- Kartlegging av funksjonsnivå og vidare hjelpebehov
- Rehabilitering eller vedlikehaldstrening
- Avlasting for pårørande med omfattande omsorgsansvar
- Observasjon og behandling ved akutt sjukdom
- Lindrande behandling ved alvorleg sjukdom
Kriterium for langtidsplass
Ved vurdering av langtidsopphald blir det lagt vekt på:
- Om behovet for hjelp er omfattande og varig
- Om personen kan tilkalle hjelp ved behov
- Om det er mogleg å tilrettelegge for meistring i eigen heim
- Om andre alternativ til institusjon er prøvd og vurdert som ikkje forsvarlege
- Om personen har samtykkekompetanse og ikkje er til fare for seg sjølv
- LEON-prinsippet (lavaste effektive omsorgsnivå) og omsorgstrappa blir brukt for å sikre rett nivå på tenesta
Slik søker du om institusjonsplass
Du søker om institusjonsplass ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Pårørande kan også søke på vegner av brukaren.
Søknadskjema helse og omsorgstenester.
Beskriv hjelpebehova dine, kva som er viktig for deg og kva tenester du meinar du har behov for.
Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbudet som passer best for deg
Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, kan du ta kontakt med tenestekontoret.
Har du utfordringar med å søke elektronisk kan du skrive ut søknadskjema og fylle ut manuelt:
Søknad om helse og omsorgstenester - papirversjon (PDF, 678 kB)
Pris og betaling
- Korttidsopphald: Du betaler ein eigenandel fastsett av staten.
Sjå oversikt over eigenandelar - Langtidsopphald: Du betaler ein del inntekta di (pensjon, renteinntekter m.m.)
Det kan ikkje krevast betaling frå formue (t.d. bustad, bankinnskot, aksjar)
Betalinga er regulert av Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstenester
Når får du svar?
Søknader blir behandla fortløpande. Du skal få svar innan 4 veker. Svaret vil innehalde anten eit vedtak eller informasjon om når du kan vente endeleg svar.
Klage
Dersom du ikkje får innvilga søknaden, kan du klage på vedtaket.
Informasjon om klagefristar og rettar følger med vedtaket. Klagefristen er 4 veker. Dersom du ikkje får medhald, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.