Kommunal bustadKommunale bustadar er eit verkemiddel for å bistå vanskeligstilte i bustadmarknaden, og bustadane er i hovedregel midlertidig hjelp. Kommunal gjennomgangbustad er for dei som ikkje klarer å skaffe seg eigna bustad sjølv eller med annan offentlig hjelp. Ordinær varigheit for leige er 3 år. Sist endra 29.07.2024 11.16 Kven kan søkje?Søkjar(ane) må ha lovleg opphald i Norge.Som hovudregel ha budd i Sykkylven det siste året.Vere utan, eller vere i ferd med å bli utan eigna bustad.Ikkje ha inntekt, formue eller alternative moglegheiter til å skaffe seg eigna bustad .Ta imot tilbod om hjelp for å meistre butilhøve.Søknadsskjema - kommunal bustadSøknadsfristSøknadane vert behandla fortløpande.Kva skjer vidare?Om du får tildelt bustad, blir det inngått ein tidsbestemt husleigekontrakt mellom deg og Sykkylven Bustadselskap. Ordinær varigheit for leige er 3 år.Det er venta at du sjølv aktivt prøver å finne annan bustad innan leigeavtalen går ut.NødbustadEr du i ein nødssituasjon utan nokon stad å sove og opphalde deg neste døgnet, skal NAV Sykkylven hjelpe deg med å finne eit mellombels butilbod. Lenkje til NAV.