Bustader med heildøgns omsorg

Kva tilbyr vi?

Ved Sykkylven omsorgssenter har vi 42 leilegheiter med heildøgns omsorg.

Vi har:

Fast personell i turnus heile døgnet.

  • Sone 1 med 24 leiligheiter fordelt på 3 bufellesskap. 
  • Sone 2 med 18 leiligheiter fordelt på 2 bufellesskap, samt ein avdeling med 10 institusjonsrom for langtidsopphald.

Det er fellesstue med TV i alle bufellesskap og høve til felles måltid.

Bebuaren nyttar sin eigen fastlege

  • Sykkylven omsorgssenter har eige produksjonskjøkken som lagar all varmmat til bebuarane.
  • Bebuaren kan  velje om han vil ordne med mat i leilegheita si sjølv, eller om han vil kjøpe dette frå produksjonskjøkkenet.

Måltid:

  • Frukost: kl. 09:00 - 10:30.
  • Lunsj: kl. 12:00.
  • Middag med dessert: kl. 15:00.
  • Kveldsmat: kl 19:00.
  • Nattmat: for den som vil ha.

 

Kven kan få tilbodet?

Målgruppa er eldre menneske som av ulike årsaker har behov for omsorg heile døgnet.

Kriterier for langtidsplass eller bustad med heildøgns helse- og omsorgstenester:

  • Kva type helse- og omsorgsteneste det er behov for og kor omfattande og varig behovet vil vere
  • Om pasienten eller brukaren har høve eller evne til å tilkalle hjelp ved behov
  • Om ein med hjelpemiddel eller ulike tilretteleggingar kan gjere tilpassingar som fremmer meistiring i eigen heim
  • Om alternativ til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt lagt til rette for heildøgns tenester er forsøkt og vurdert til å ikkje vere tenleg eller forsvarleg
  • Om pasienten er samtykkekompetent og har kognitive evner som ikkje medfører risiko for liv og helse
  • Ved vurdering av hjelpebehov skal LEON- prinsippet og omosrgstrappa (lavaste effektive omsorgsnivå) aktivt vere nytta for å tilby rett omsorgsnivå.

 LEON-prinsippet

Korleis få tilbodet?

Søknadsskjema som du finn her.

Beskriv hjelpebehova dine, kva som er viktig for deg, og kva tenester du meinar du har behov for.

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, kan du ta kontakt med heimetenestene som har base ved Sykkylven omsorgssenter. Servicekontoret i Rådhuset kan også hjelpe deg.

Dersom du har utfordringar med å fylle ut det digitale skjemaet kan du printe ut skjema og fylle ut manuelt: 

Søknad om helse og omsorgstenester - papirversjon (PDF, 678 kB)

Kva kostar det?

Leige går fram av husleigekontrakt.  Prisane er vedteke av kommunestyret med justering årleg per 01.01.

Prisliste for helse og omsorgstenester

Det kan på visse vilkår søkast bostøtte.

 

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Klagerfrist  er 4 veker.

Lover og reglar

Lov om behandlingmåten i forvaltningssaker

Lov om husleieavtaler

 

Opningstider

Det er ope for besøkande når ein ønsker det.  Hovud -ytterdør vert automatisk stengt klokka 22:00.

Kontakt

Wenche Oldeide
Einingsleiar
E-post
Mobil 90 11 82 18

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post