Helsefremjande og førebyggande heimebesøk til eldreKva tilbyr vi?Sykkylven kommune tilbyr heimebesøk til alle som fyller 80 år.Heimebesøket skal bidra til å auke tryggleik og meistring i kvardagen. Tilbodet skal gjere deg i stand til å bu heime og ha eit sjølvstendig liv så lenge som råd. Kva er viktig for deg, og korleis kan du tenke deg din alderdom?I besøket får du ein perm med oversikt over ulike tenester, tilbod og aktivitetar for eldre i Sykkylven kommune. Sist endra 26.01.2024 09.06 Kven kan få tilbod?Alle får tilbod det året dei fyller 80 år.Korleis få tilbod?Kommunen sender ut invitasjonbrev til aktuelle personar 1-2 veker før besøket.Kva kostar det?Tenesta er gratis.Kva skjer vidare?Vi tar kontakt på telefonen for å stadfeste tid for heimebesøket.