Innsatsteam/kvardagsrehabilitering

Innsatsteamet er sett saman av ergoterapeut, fysioterapeut og sjukepleiar frå heimetenestene. Dette er eit av tilboda som Sykkylven kommune satsar på for å bidra til ein aktiv alderdom med god livskvalitet for innbyggjarane. Dei fleste ynskjer å vere aktive og bu heime lengst mogleg.

Innsatsteam brosjyre (PDF, 289 kB)

Målgruppa for innsatsteamet er:

  • Du som bur heime, men ikkje lenger har samme funksjon som før og slit med å meistre til dømes personlig stell, matlaging eller andre aktivitetar.
  • Du som skal heim frå sjukehus eller korttidsopphald ved Sykkylven omsorgssenter og treng ekstra støtte og trening i ein overgangsfase.
  • Du som er motivert til å klare deg sjølv heime i størst mogleg grad.

Kva gjer innsatsteamet:

  • Innsatsteamet gjer ei systematisk kartlegging, og det blir saman med deg utarbeida mål som du synest er viktig å meistre i din kvardag
  • Kartlegginga dannar grunnlag for korleis vi saman skal arbeide, i ein avtalt tidsperiode, for at du skal nå måla dine. Til dømes kan det vere aktuelt å øve på å gå trappa i huset ditt, hente avisa, innkjøp og tilbereding av mat og tilrettelegging av bustaden din

Både pårørande og du sjølv kan ta direkte kontakt med innsatsteamet for vurdering av om dette kan vere eit aktuelt tilbod for deg.

Kontakt

Ane Ramstad Vatsaas
Fysioterapeut
E-post
Mobil 91 89 87 43

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post.

Tone Klakken Gjersrud
Ergoterapeut barn og unge
E-post
Mobil 95 97 70 99

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post