Velferdsteknologi/helseteknologi

Helseteknologi er meint som eit tilbod som kan bidra til auka tryggleik, sosial deltaking, mobilitet og fysisk og kulturell aktivitet. Den kan bidra til å styrke den einskilde si evne til å klare seg sjølv i kvardagen til tross for sjukdom og sosial, psykisk eller fysisk nedsett funksjonsevne. Bruk av helseteknologi kan bidra til at du kan bu lengre i eigen heim.  Brukarmedvirkning er viktig for å  kunne kartlegge den einskilde sitt behov. Alle ønsker å mestre eigen livssituasjon og klare seg mest mulig sjølv. 

Døme på velferdsteknologi/helseteknologi er:

Digital tryggleiksalarm, dørsensor, bevegelsessensor, lokaliseringsteknologi, fallsensorar, komfyrvakt, varsling for brann, elektronisk dørlås, medisineringsstøtte, videokommunikasjon og kommunikasjonshjelpemiddel.

Kven kan få tilbod?

Alle som bur, eller midlertidig oppheld seg i kommunen, og som på grunn av helsesvikt har behov for velferdsteknologi eller tryggleiksalarm  i heimen. Behovet vert vurdert etter søknad og det vert fatta vedtak på hjelpa.

Korleis få tilbod?

Om ein allereie har kontakt med ei helse og omsorgsteneste i Sykkylven kommune, kontakter ein gjeldande teneste. 

Ved andre spørsmål tek ein kontakt med fagkonsulent velferdsteknologi og tenestedesign.

Kva koster det?

Helseteknologi er gratis for dei som får velferdsteknologi som erstatning for anna helsehjelp. 

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Kontakt

Søgni Margrete Grøndal
Fagkonsulent velferdsteknologi og tenestedesign
E-post
Mobil 46 81 54 30

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post