Aktivitetsvenn

Ein aktivitetsvenn er ein frivillig som gjer aktivitetar saman med ein som har demens.

Kva tilbyr vi?

Når ein person med demens får ein aktivitetsvenn, blir vedkomande kobla med en person som har same interesser. Dei gjer ting begge liker. Det kan f.eks vere å gå tur, spille spill, gå på kino, fiske, male, eller bare møtast for en kopp kaffe og ein prat. Målet er at tida dei har saman skal vere til glede for begge. Kor ofte dei møtast er opp til personen med demens og aktivitets vennen.

Kva skjer vidare?

Aktivitetsvenner får ikkje betalt. Motivasjonen for ein aktivitetsvenn er gjerne drevet av ønsket om å gjere ein forskjell for andre og ønsket om å dele eiga interesse med ein annen person. Aktivitetsvenn skal ikkje vere ei erstatning, men eit tillegg til kommunale tilbud. Dei som vil vere aktivitetsvenn må først gå på eit kurs.

Teieplikta er eit etisk løfte som handlar om tillit og tryggheit i aktivitetsvennrelasjonen. Den som mottek ein aktivitetsvenn og deira pårørande skal føle seg trygge på at den frivillige har eit bevisst forhold til si rolle, og at personlege forhold ikkje skal bli kjent for uvedkommande. Alle aktivitetsvenner signerer ei teieplikt. Teieplikta gjeld også på nett og i sosiale medier, og tida etter at ein har vore aktivitetsvenn.

Korleis få tilbodet?

Du kontaktar Heimetenestene Distrikt

Kontakt

Ingebjørg Myrseth
Spesialsjukepleiar geriatri
E-post
Mobil 91 61 43 46

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Vakttelefon Heimetenestene Distrikt
Mobil 91 61 43 46