Dagtilbod for personar m/demenssjukdomDagaktivitetstilbodet tilbyr ein sosial treffstad for personar med demens som bur heime. Brukarane vert henta med drosje i heimen sin på føremiddagen, og køyrt heim igjen kl. 15:30.Dagaktivitetestilbodet har base ved Sykkylven omsorgssenter.Dagsenteret har ope tysdagar og fredagar.Dagsenteret har stengt ferier og helligdagar. Sist endra 25.01.2024 13.37 Aktivitetar på dagsenteretTur.Trim.Baking.Lett hagestell.Sang.Spel.Kreative hobbyaktiviteter.Sosialt fellesskap.Dele måltid.Måltid:Lunch: kl. 11:30.Middag: kl. 14:30.Følg oss gjerne på FacebookKven kan få tilbod?Personar med demens som bur heime.Korleis få tilbodet?Søknadsskjema finn du her.Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, kan du ta kontakt med heimetenestene som har base ved Sykkylven omsorgssenter. Servicekontoret i Rådhuset kan også hjelpe deg.Dersom du har utfordringar med å søkje digitalt kan du skrive ut skjema for å fylle ut manuelt. Søknad om helse og omsorgstenester - papirversjon (PDF, 678 kB)Kva kostar det?Dagsenter er gratis, betaling for måltid etter fastsett pris.PrislisteKva skjer vidare?Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.