Demensteam

Kva tilbyr vi?

Demensteamet i Sykkylven kommune består av geriatriske sjukepleiarar. Vi tar heimebesøk etter førespurnad frå pårørande, lege, heimetenestene eller andre. Utredninga skal skje i nært samarbeid med fastelegen. Kommunen sitt demensteam bidrar i utredning ved å kartlegge funksjonsnivå, forholda i heimen og eventuelle hjelpebehov. Det blir nytta ulike verktøy i utredninga. Pårørande vert også involvert. Utredninga er ein del av kartlegging av kognitiv funksjon og det er fastlegen som er ansvarlig for den medisinske utredninga og diagnostikk. Vi samarbeidar med hjelpemiddelansvarlig opp mot hjelpemiddel som støttar  hukommelse.

  • Heimebesøk
  • Kartlegging av behov
  • Utgreiing i samråd med fastlege
  • Rettleiing om hjelpemiddel som støttar hukommelse og bidrar til auka tryggleik i heimen
  • Oppfølging 

Kvifor er demens utredning viktig?

  • Utelukke andre sjukdomar som har demensliknande symptom
  • Vurdering av medisinar
  • Legge til rette i heimen for personar med demens og deira pårørande
  • Sette i verk tiltak til riktig tid

Kven kan få tilbod?

Pårørande og menneske med demens (kognitiv svikt).

Typiske teikn på demens:

  • Gløymer nylege hendingar
  • Gjentek historier og leitar etter ord
  • Er forvirra i forhold til tid og stad
  • Har problem med å kjenne igjen folk
  • Gløymer innlærde ferdigheiter
  • Har fått endra personlegdomstrekk
  • Har fått svekka dømmekraft
  • Har problem med å klare seg sjølv i kvardagen
  • Har mista initiativ og engasjement
  • Har humørendringar

Korleis få tilbodet?

Ta kontakt på telefon eller e-post. Kontaktinformasjon finn du til høgre på sida.

Les meir om:

Tiltakspakke demens

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt

Vakttelefon Heimetenestene Distrikt
Mobil 91 61 43 46
Ingebjørg Myrseth
Spesialsjukepleiar geriatri
E-post
Mobil 91 61 43 46

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Sissel Roald
Spesialsjukepleiar geriatri
E-post
Mobil 91 61 43 46

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post