Tiltakspakke demensTiltakspakke demens er ei systematisk oppfølging av heimebuande personer med demens og deira pårørande. Intensjonen er å fange opp endringar i pasienten sin fysiske, psykiske helsetilstand, og sette i verk aktuelle tiltak på eit tidleg stadie. Sist endra 25.01.2024 13.37 Kva tilbyr vi? Demensteam i Sykkylven kommune tilbyr tett oppfølging av heimebuande personer med demens i kommunehelsetenesta. Systematisk samarbeid med pårørande er viktig for å få til ei god oppfølging av personar med demens. Tett og strukturert oppfølging kan førebyggje sjukdom og gi auka livskvalitet. . Det er ønskeleg at eldre skal få bu heime lengst mulig, og då er det viktig å kunne legge til rette for det. Desse kan få tilbod Heimebuande personar med demenssjukdom og deira pårørande. Slik får du tilbod Fagleiar i heimetenestene vil i samarbeid med demensteam tildele «tiltakspakke demens» etter søknad om denne tenesta. Søknadsskjema Dersom du har utfordringar med å fylle ut det digitale skjema kan du printe ut og fylle inne skjema manuelt: Søknad om helse og omsorgstenester - papirversjon (PDF, 678 kB) Kva kostar det? Tenesta er gratis. Vegen vidare Brukar og pårørande får tilbod om oppfølging frå heimetenestene ein gong pr månad med heimebesøk og samtale. Under besøket/samtalen vil tenesta vurdere om pasienten sitt tilbod om hjelpe og bistand er godt nok.