Kven kan få tilbod?
Alle som bur, eller midlertidig oppheld seg i kommunen, og som på grunn av helsesvikt har behov for sjukepleie i heimen. Behovet vert vurdert etter søknad og det vert fatta vedtak på hjelpa.
Korleis få tilbodet?
I søknadsskjemat beskriv du dine hjelpebehov. Vi vurderar din helsetilstand og finn det helsetilbodet som passer for deg.
Søknadsskjema helse og omsorgstenester.
Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, kan du ta kontakt med Servicekontoret i Rådhuset .
Dersom du har utfordringar med å søkje digitalt kan du skrive ut skjema for å fylle ut manuelt:
Søknad om helse og omsorgstenester - papirversjon (PDF, 678 kB)
Kva kostar det?
Tenesta er gratis
Kva skjer vidare?
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 3 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.
Klage
Vedtak om heimesjukepleie kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.
Pasient og brukerrettighetsloven § 7-2.
Lover og reglar
Pasient og brukerrettighetsloven.
Helse og omsorgstenesteloven.