HjelpemiddelDersom ein har funksjonstap som følge av sjukdom eller skade, kan hjelpemiddel vere eit kompenserande tiltak som mogleggjer aktivitet og meistring i kvardagen. Sist endra 11.04.2025 08.41 Korttidslån av enklare hjelpemiddelDersom du har behov for å låne hjelpemiddel i ein kort periode etter skade eller inngrep, kan du låne frå kommunalt kortidslager i inntil 3 månadar. Kommunalt lager har blant anna: Toalettforhøgar Toalettstol Dusjkrakk Rullator Manuell rullestol Krykker må kjøpast sjølv, enten på servicetorget i kommunen, eller på apotek. Ispiggar til krykker får ein kjøpt på apotek. For å låne utstyr frå kommunalt hjelpemiddellager må du ha ein avtale på førehand. Kontaktinformasjon finn du nedanfor. Varig behov for hjelpemiddelOm du har varig behov for hjelpemiddel (meir enn 2 år) kan du få hjelp til å søke hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral. Ta då kontakt med ergoterapeut som vil hjelpe deg.