Vaksine

Kva vaksine tilbyr vi i Sykkylven kommune? 

Barnevaksinasjonsprogrammet 

Det anbefalte vaksinasjonsprogrammet inneheld vaksine mot 12 forskjellige sjukdomar. Vaksinene gis til barnet ved i alt 9 besøk på helsestasjon frå 6 vekers alder til 15 års alder. 

Sykkylven helsestasjon er ansvarleg for barnevaksinasjonsprogrammet. Helsestasjonen sender ut innkalling til vaksinering etter vaksinasjonsprogrammet.

Les meir informasjon om vaksinasjonsprogrammet

Influensavaksine 

Kvar haust blir det sett opp dagar til influensavaksine i perioden oktober - november. Datoane for vaksinering blir kunngjort på kommunen si heimeside, på sosiale medium og i lokalavisa. 

Reisevaksine

Sykkylven kommune tilbyr ikkje reisevaksiner, då må du kontakte Medi3.