Ønsker du å vere avlastar eller støttekontakt?

Glad i å gjere kjekke ting i kvardagen? Kvifor ikkje gjere fritidsaktivitetane saman med nokon som treng følge til aktivitetar - vi trenger støttekontakter.

Vidare har vi familiar som treng avlastning.

Støttekontakt

Som støttekontakt kan du vere med på å gjere fritida til eit anna menneske meir meningsfull. Du er med på å hjelpe andre til å kunne delta på ulike fritidsaktivitetar, bistå til auka sosial kompetanse og til at eit anna menneske får positive opplevingar.

Som støttekontakt jobbar du ca. 2-4 timer i veka. Vi treng støttekontakter for brukarar gjennom heile livsløpet. 
Synest du dette høyrest interressant ut, fyll ut skjema og send det til Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven. 

Avlastinga foregår i utgangspunktet i avlastar sin heim.
Avlastar skal vere med å bidra til at barna vert meir sjølvstendige og får ein meningsfull kvardag. Arbeidet som avlastar skjer på timebasis; på dagtid eller kveldstid, evt..helg. Avlastarar bør kunne stille bil til disposisjon.

Synes du dette høyrest interressant ut, fyll ut skjema og send det til Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven. 

 

Lønn

Støttekontakt/avlastar/besøksheim får lønn etter faste satsar. Erfaringsbakgrunn og kor godt eigna avlastar er vil bli vektlagt. Politiattest  blir krevd  før du kan inngå avtale. Det er ikkje ønskeleg med for nære familie relasjonar i støttekontakt eller avlastaroppdraget.

Lønnsliste avlastar Bu og ReHabiliteringstenestene (XLSX, 32 kB)

Lønnsliste støttekontakt Bu og ReHabiliteringstenestene. (XLSX, 32 kB)

Kontakt

Evy Hauge Andersen
Barnevernleiar
E-post
Mobil 47 81 10 12

Arbeidstid kvardagar klokka 8-16

Besøksadresse Haugneset 20, 2 etg

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post