Pasient- og brukerombudetDet er mange som er i kontakt med helsetenesten som kan ha behov for råd og rettleiing om sine rettigheter. Andre kan trenge hjelp til å avklare korleis ein skal gå fram for å få helsehjelp eller tenester ein meiner ein har behov for. Publisert 28.11.2023 14.59 Sist endra 28.11.2023 14.59 Du kan kontakte pasient- og brukerombudet viss du er misfornøyd med helsehjelpa du har fått, eller om du ikkje får oppfylt dine rettigheiter som pasient, bruker eller pårørande.Pasient- og brukerombudet kan gi råd og informasjon om rettigheiter. Du kan også få hjelp til å benytte klageretten, søke råd om pasientskadeerstatning, og dei kan nokon gongar bistå som konfliktløysar i dialog mellom deg som pasient/bruker og tenestestaden. Ombudet sine tenester er gratis, og du kan velje å vere anonym. KontaktinformasjonDet er pasient- og brukerombud i kvart fylke, og for Møre og Romsdal kan du ta kontakt slik: Pasient- og brukerombudet i Møre og RomsdalTlf: 70 57 09 00 / 40 50 16 00E-post: mr@pasientogbrukerombudet.no (sensitive opplysningar bør ikkje sendast på e-post)Postadresse: Postboks 212 Skøyen, 0213 OsloBesøksadresse: Astrupsgate 9, 6509 KristiansundNettside - Pasient- og brukerombudet