Avlastning

Tilbod om avlastning blir gitt til pårørande med særleg tyngande omsorgsoppgåver overfor fuksjonshemma, sjuke eller pleietrengande personar.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Kva tilbyr vi?

Formålet er å gi omsorgsyter avlastning frå sine omsorgsoppgåver. Avlastning skal hindre overbelastning, gi nødvendig og regelmessig fritid og ferie, samt muligheit til å delta i vanlege samfunnsaktivitetar.

Tenesta kan tilbys både i og utanfor heimen.

Kven kan få tilbodet?

  • Det forutsett at den private omsorgsytaren utfører omsorgsarbeid som kommunen ville ha plikt til å utføre dersom omsorgsytaren ikkje hadde gjort det. Dette betyr at den som har bistandsbehovet må fylle vilkåret i pasient- og brukerrettigheitslova § 2-1 a annet ledd, det vil sei at det er nødvendig med helse- og omsorgstenester. 
  • Omsorgsarbeidet må vere særlig tyngande, av eit visst omfang og er forventa å vare i lang tid. Særlig tyngande omsorgsarbeid kan vere meir fysisk eller psykisk belastande enn vanlig, føre til isolasjon og mangel på ferie og fritid, om søkjar har inntektstap og omsorgsplikt.
  • Når det gjeld barn må det takast omsyn til at foreldre har lovpålagt omsorgsplikt etter barnelova. Omsorgsarbeid som er vanleg for barn på samme alder reknast ikkje som særlig tyngande. Det er omsorgsarbeid som klart overstig det som er vanleg, eller som går ut over det ein med rimeligheit kan forventa at foreldra skal kunne ivareta, som regnes som særlig tyngande.
  • Det er ei forutsetning at både den som har hjelpebehovet og omsorgsytaren ønsker at den pårørande skal fortsette med arbeidet. Det er unntak frå dette vilkåret i barnefamiliar der foreldra har omsorgsplikt. Det skal likevel takast omsyn til at ungdom gis mogligheit for privatliv, og at foreldra difor ikkje alltid er dei rette til å utføre alle omsorgsoppgåver.

 

Korleis få tilbodet?

Lenke til elektronisk søknadsskjema:
Elektronisk søknadsskjema  

Dersom du har utfordringar med elektronisk søknadsskjema kan du printe ut søknadsskjema, fylle ut og levere/ sende til Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230  Sykkylven.

Lenke til papirskjema: Søknadsskjema helse og omsorgstenester. (PDF, 696 kB)

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 4 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

(Vedtak om avlastning kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell  klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.)

Pasient- og brukarrettighetsloven § 7-2

Lover og reglar

Pasient- og brukarrettighetsloven

Lov om helse og omsorgstenester