Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Målet med ordninga er å bidra til at personar med stort bistandsbehov får eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv til tross for funksjonsnedsettinga.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Kven kan få tilbodet?

BPA passer best til yngre med funksjonsnedsetting som ønsker å leve eit sjølvstendig liv . Målet er at ein får høve til eit aktivt, og mest mogleg uavhengig liv til tross for funksjonsnedsettinga. Du må vere under 67 år og ha eit langvarig og stort behov for personleg assistanse.
Ved tildeling av BPA timar vert det vurdert i forhold til kor mykje brukeren normalt ville fått av kommunale tenester. Ved behov for hyppige og korte besøk er tenesta lite egna

Korleis få tilbodet?

Søknadskjema finn du her (PDF, 696 kB)

Kva kostar det?

Kommunen kan kreve vederlag for helse- og omsorgstenester frå pasient og brukar når det følgjer av lov eller forskrift, og eigenandel for BPA følger denne forskrifta.

Kommunen sine betalingssatsar.

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 4 veker skal du ha mottat svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Vedtak om brukarstyrt personlig assistent kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell  klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.

Pasient og brukerrettighetsloven