Følgjekort

Har du fysiske eller psykiske funksjonshemmingar kan du søkje om å få eit følgjekort. Følgjekortet gir deg rett til å ha med ein assistent/person som slepp å betale for billetten sin. Dette kan til dømes vere på kultur- og fritidsarrangementer eller på offentleg transport. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Kva får du?

Du får eit kort/bevis som gir assistenten din gratis tilgang til kultur- eller fritidsarrangementer og transporttselskap som aksepterer ordninga. 

Følgjekortet er personleg med namn og bilete. Det står på kortet kor lenge det er gyldig, vanlegvis mellom to til fem år av gangen.

Krav til søkjar

Du treng ein uttale frå fastlege eller spesialist på at du har behov for ein eller fleire assistentar for å kunne delta på aktiviteter i fritida.

Varige fysiske eller psykiske funksjonshemmingar (mimimum to års varigheit).

Kva kostar det?

Følgjekortet er gratis.

På arrangementer eller offentleg transport kjøper du billett til ordinær pris, men får ta med deg ein assistent gratis der følgjekort er akseptert. 

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist, søknader blir handsama fortløpande. 

Slik søkjer du eller fornyer følgjekort

Søknadsskjema

Desse vedlegga må ligge ved søknaden: 

  • Passfoto.
  • Uttale frå fastlege eller spesialist.

Det er servicetorget som handsamar søknader om følgjekort.

Lenkjer til meir informasjon om følgjekort

helsenorge.no - ledsagerbevis

bufdir - ledsagerbevis