Parkeringsbevis - parkeringsløyve

Parkeringsløyve for rørslehemma. Du kan søkje om parkeringsløyve som førar eller passasjer om du har behov for parkeringslette fordi du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg.

Krav til søkjar

Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over noko lengd.

Du må ha særleg behov for å finne parkeringsplass knytt til bustad, arbeid og annan aktivitet.

Dersom du søkjar løyve som passasjer, gjeld eit tilleggsvilkår om at passasjeren må ha behov for regelmessig hjelp av førar utanfor køyretøyet. 

Slik søkjar du parkeringsløyve for rørslehemma

 

Søknadskjema 

Legeerklæring - vedlegg til søknad om parkeringsløyve for forflytningshemma (PDF, 2 MB)

 

Vedlegg du må legge ved søknaden

  1. Legeerklæring.
  2. Passfoto.
  3. Kopi av gyldig førarkort dersom du søkjar som sjåfør. 

 

Send inn søknadsskjema 

Søknaden sender du elektronisk. Vedlegg kan sendast pr. post til: 

Sykkylven kommune 

Kyrkjevegen 62

6230  SYKKYLVEN 

 

Lenkje til: 

Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede

Parkeringsløyve for forflytningshemma - Statens vegvesen

Parkeringsløyve - Norges Handikapforbund