Transportteneste for funksjonshemma (TT-ordninga)

OBS! GRUNNA OVERGANG TIL NYE RETNINGLINER VERT DET IKKJE TATT INN NYE BRUKARAR I TT-ORDNINGA  FRÅ OG MED NOVEMBER 2023 OG UT 2024. 

Nye retningliner frå 2025

Møre og Romsdal fylkeskommune har vedtatt  nye retningliner som vil tre i kraft 1. januar 2025.  I vedtaket står det at alle som har TT-kort i dag må søkje på nytt i 2024 for å bli med i ordninga frå og med 2025.  Frist for å søkje på nytt vil vere 1. oktober 2024. Søknadsskjema vil bli tilgjengeleg i løpet av 2024. 

Meir informasjon om dei nye retningslinene og søknadsprosessen kjem etter kvart. 

Transporttenesta for funksjonshemma (TT-ordning)

Er eit tilbod om drosjeteneste frå dør til dør til personar som på grunn av funksjonshemming har vesentlege vanskar med å reise kollektivt. Kortet gir deg moglegheit til å delta i ulike aktivitetar i nærmiljøet som til dømes konsert, kino eller liknande. 

Det er samferdelsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som administrerer ordninga. Det er kommunen som tildeler brukarar etter søknad. 

Kven kan søkje?

  • Du som har funksjonshemming som gjer at du ikkje kan nytte kollektivtransport.
  • Di funksjonshemming må vere varig (Minimum eitt års varigheit). 
  • Du må vere folkeregistrert i Sykkylven.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist.  Det er ikkje mogleg å søkje tenesta pr.no. 

Slik søkjer du

Ordninga er for tida under revidering og det er difor ikkje mogleg å søke om TT-kort. 
Det blir opna for nye søknadar i løpet av 2024.

Vedlegg til søknaden

Erklæring frå fastlege, spesialist, fysioterapeut eller ergoterapeut.

Retningsliner for TT-kortet

Retningsliner   (PDF, 67 kB)

Kor finn eg saldoen på kortet?

I dei fleste drosjene vil saldo på kortet komme fram direkte ved å trekke det gjennom taksameteret. Du kan også kontrollere saldoen ved ein av følgande måter: 

  • Gå inn på nettsida: rtt.no/tt 
  • Send sms med brukernummer til 404 66 000
  • Ring 51 90 90 01

 

Meir informasjon om tt-ordninga

finn du ved å trykke på lenkje til Møre og Romsdal fylke: Informajon om tt-ordninga