Støttekontakt

Ei støttekontakt er ein person som er tilsett av kommunen for å hjelpe eit anna menneske til sosialt samvær eller støtte for å delta i aktivitetar utanfor heimen.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Kva tilbyr vi?

Tenesta kan bli organisert på 2 måtar:

  • Individuell støttekontakt.
  • Deltakelse i aktivitetsgruppe.

Støttekontakta har vanlegvis ikkje noko spesiell faglig bakgrunn, men får veiledning frå fagfolk.

Kven kan få tilbodet?

  • Du har fysisk eller psykisk funksjonsnedsettelse.
  • Du kan ikkje oppretthalde ei aktiv og meningsfull fritid på eiga hand.
  • Du har behov for sosialt fellesskap.
  • Gjelder som regel heimebuande.
  • Gjelder som regel ikkje små barn.

Korleis få tilbodet?

Søknadsskjema helse og omsorgstenester. (PDF, 696 kB)

Kva kostar det?

Tenesta er gratis. Men du må dekkje eigne utgifter til aktivitetar. Utgifter til transport utover det som ligg i avtalen til støttekontakta må ein dekkje sjølv.

Kva skjer vidare?

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Seinast innan 4 veker skal du ha motteke svar frå kommunen med endeleg vedtak, eller med orientering om når du kan forvente endeleg svar.

Klage

Vedtak om støttekontakt kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell  klage på saksbehandling, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.

Pasient- og brukarrettighetsloven § 7-2.

Lover og reglar

Lov om pasient- og brukarrettighetsloven

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester