Psykisk helse og rusarbeid

Rus- og Psykisk Helseteam tilbyr tenester og behandling til personar som slit med rus- og/ eller psykiske vanskar

Kva tilbyr vi?

  • Kartlegging av hjelpebehov, og tilpasse individuelle oppfølgingstiltak i kommunen.
  • Samtalar/rettleiing/informasjon.
  • Motivasjons- og bevisstgjeringssamtalar.
  • Henvising til spesialisthelsetenesta ift rusbehandling, samt oppfølging før, under og etter institusjonsopphald. Det er lege som henviser til voksenpsykiatrisk og DPS.
  • Ettervernsgruppe.
  • Bustadtiltak.
  • Individuell Plan.
  • Miljøterapeutiske tiltak.
  • Heimebesøk.
  • Søknad om LAR.
  • Råd og rettleiing til pårørande.

Hjelpa blir tilpassa den einskilde ut i frå ei tverrfagleg vurdering, og det blir fatta individuelt tilpassa vedtak på tenesta.

Kven kan få tilbodet?

Personar som bur, eller oppheld seg i kommunen, har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester, herunder personar som sliter med rus- og/eller psykiske vanskar. Samt pårørande.

Korleis få tilbodet? 

Henvising frå fastlegen din eller søknad om tenester frå Rus-og Psykisk Helseteam.

Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva teneste du bør søkje, kan du ta kontakt med fagleiar.

Kva skjer vidare?

Henvisinga og søknaden blir tverrfagleg handsama og vurdert  i Rus- og Psykisk Helseteam i faste møter kvar torsdag. I teamet har vi psykolog, klinisk sosionom, sosionom, vernepleiar, spesialsjukepleiar og sjukepleiar.

 Seinast innan 3 veker skal du mottat svar frå Rus- og Psykisk Helseteam med skriftleg vedtak.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Klage

Vedtak  kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell  klage på sakshandsaming, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.

Pasient- og brukarrettighetsloven § 7-2

 

Lover og reglar

Pasient- og brukarrettighetsloven

Helse og omsorgstenesteloven

Kontakt

Mariann Nytun Wilhelmsen
Fagleiar
E-post
Mobil 48 15 11 50

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Audhild Myklebust
Sosionom
E-post
Mobil 91 89 87 58

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Iris Marlen Ekrem
Vernepleiar
E-post
Mobil 90 40 18 60

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Maciej Klys
Psykolog
E-post
Mobil 91 00 92 66

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post

Pål Betten
Sjukepleiar
E-post
Telefon 48 25 68 71
Mobil 48 25 68 71

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post