TenestekontoretI Sykkylven kommune arbeider ein etter målsettinga om at alle innbyggarar i kommunen skal sikrast lik tilgang til naudsynte og forsvarlege helse- og omsorgstenester, tilpassa deira behov, eigne ressursar og målsettingar.Tenestekontoret er "ei dør inn" der ein tek i mot og behandlar søknader om kommunale helse og omsorgstenesterSlik søkjer du:Her finn du søknadskjema:Søknad om helse og omsorgstenesterHar du ikkje moglegheit til å søke digitalt kan du skrive og fylle ut papirskjema;Skjema søknad om helse og omsorgstenester (pdf) (PDF, 678 kB)Du kan og ta kontakt via telefon, brev eller e-post.Du bør ikkje sende helseopplysningar eller anna sensitiv informasjon på e-post.Dette kan tenestekontoret hjelpe deg med:Informasjon om tenestene.Råd og rettleiing om tenestene.Hjelp til å søkje eller klage. Sist endra 30.08.2024 10.19