Kulturpris

Statuttar for kulturprisen i Sykkylven kommune

1. Sykkylven kommune har oppretta ein kulturpris for å stimulere til brei kulturell innsats i kommunen. Namnet på prisen er "Kulturprisen for Sykkylven".

2. Prisen kan delast ut ein gong kvart år til einskildperson (ar), lag eller organisasjonar i Sykkylven som har markert seg med arbeid for å fremje det lokale kulturlivet. Med kulturprisen vil ein kunne heidre personar eller lag som har gjort ein særleg fortenestefull innsats på eit avgrensa felt i ein kortare periode eller ved eit særskild høve. 

3. Ein jury på tre personar skal velje kandidat til prisen. Juryen skal vere samansett av to medlemer frå Levekårsutvalet og eitt frå kultureininga i Sykkylven kommune. For åra 2023 - 2027 er juryen samansett slik:  

  • Otto Magne Strømmegjerde - leiar levekårsutvalet
  • Emte Aure
  • Halstein Kurseth
  • Vara: Anita Vollstad

4. Alle som vil kan kome med framlegg til kanddatar til prisen. Frist for innlevering av forslag vert kunngjort i lokalavisa og publisert på Sykkylven kommune si heimeside tre veker før fristen går ut. Juryen står fritt til å velje mellom dei innkomne forslaga eller å velje mellom nye kandidatar. Juryen skal grunngje vedtaket om tildeling av kulturprisen. 

5. Det skal ikkje gjerast offentleg kven som er kandidatar eller kva utfall avrøystina mellom kandidatane fekk. 

6. Prisen skal vere eit pengebeløp. Beløpet blir fastsett av Levekårsutvalet. Det skal regulerast for kvar valperiode. Den/dei som får prisen skal også få eit diplom. Utdelinga skal skje ved første kommunestyremøte kvart år, dersom juryen finn høvelege kandidatar til prisen. 

7. Kultureininga skal stå for administrasjonen av prisen og syte for at tiltaket vert gjort kjent i lokalsomfunnet. Prisen for 2023 - 2027 vert sett til kr. 15 000. Løyvinga blir dekt over kulturbudsjettet. 

Halstein Kurseth
einingsleiar