Eigedomsskatt 2024 - Informasjon

Med bakgrunn i kommunestyrets vedtak, sak 106/23,  den 11.desember 2023, for året 2024 og med heimel i eigedomsskattelova § 15, er det på servicetorget, Rådhuset Sykkylven lagt ut ei eigedomsskatteliste til offentleg gjennomsyn i tre veker frå fredag 01.mars 2024.

Lista syner dei skattepliktige eigedomane og inneheld matrikkelnummer (gards-, bruks-, feste- og ev. seksjonsummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen og utrekna eigedomsskatt. 

Alt etter om grunnlaget for skattetaksten er henta frå Skatteetatens formuesgrunnlag eller frå kommunal taksering, skal klage som vert fremja sendast Skatteetaten eller Sykkylven kommune.

Skatteseddel vert sendt ut.  Her går det fram kva som er grunnlaget for din eigedom, utskriven skatt osb. 

For dei med formuesgrunnlag frå Skatteetaten
(Det går fram av skatteseddelen om så er tilfelle.)

Skatteetaten har informasjon om korleis du går fram dersom du meiner det er grunnlag for å endre skatteseddelen.  Sjå www.skatteetaten.no

For dei med kommunal taksering
(Det går fram av skatteseddelen om så er tilfelle.)

Du har kvart år rett til å klage, men du kan ikkje klage på noko du har klaga på tidlegare, men ikkje fått medhald i.

Vil du klage på skattegrunnlaget, skal klage sendast:

Sykkylven kommune
Eigedomsskattekontoret
Kyrkjevegen 62
6230 SYKKYLVEN

Klage må sendast skriftleg innan 6 veker etter mottak av skatteseddel.

 

Sykkylven kommune
Eigedomsskattekontoret