Frister for gjødselspreiing

Jamfør § 23 i forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav er det lov å spreie husdyrgjødsel i perioden 15. februar til 1. november. Det er likevel ikkje tillate å spreie husdyrgjødsel på frossen eller snødekt mark.

Spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding må seinast gjennomførast innan 1. september. Etter 1. september må ein søkje om dispensasjon frå spreiefristen for å  kunne spreie husdyrgjødsel utan nedmolding. Sykkylven kommune har ikkje eige forskrift om gjødselspreiing.

Etter 1. oktober  og fram til 1. november kan ein spreie husdyrgjødsel berre med nedmolding. Husdyrgjødsla skal då pløyast ned straks og seinast innan 18 timer etter spreiing. Kommunen kan i denne perioden berre i heilt spesielle høve gi løyve til spreiing utan nodmolding.

Eit godt altenativ til spreiing er å nytte ledig gjødselkjellarkapasitet på andre gardsbruk.

Søknad om spreiing av husdyrgjødsel etter 1.september skal sendast til postmottak@sykkylven.kommune.no eller Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven.

Ved spørsmål ta kontakt med landbrukskontoret.

Kontakt

Mandy Häger
Jordbrukssjef
E-post
Mobil 47 71 57 41

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post