Konsesjon

Viss du arvar, kjøper eller mottek fast eigedom som gåve, må du normalt søkje om konsesjon. Det er mange unntak frå konsesjonsplikta. Til dømes gjeld ikkje konsesjonsplikt for eigedom du overtek frå nære slektningar. Også andre høve kan føre til at overdraginga er unnateke konsesjonsplikt.

Konsesjonspliktig overtaking 

I utgangspunktet må alle som vert eigarar av fast eigedom, eller som får ein bruksrett eller festerett for meir enn 10 år, søkje om konsesjon hjå kommunen. Men det finst ei rekkje fritak i konsesjonslova og forskrift om konsesjonsfritak (sjå nedanfor). Ver merksam på at konsesjonspliktige eigedomar ikkje kan verte tinglyste før det vert gjeve konsesjon.  

Skjema: Søknad om konsesjon ved erverv av fast eigedom 

Når treng du ikkje å søkje om konsesjon? 

  • Overdraging av eigedom innafor nær familie
  • Bebygd eigedom som ikkje er større enn 100 daa totalt og som heller ikkje har meir enn 35 daa fulldyrka eller overflatedyrka jord. 
  • Ubebygd areal, mindre enn 2 daa, som er godkjent frådelt etter plan- og bygningslova og/eller jordlova. 
  • Ubebygd tomt som i arealdelen til kommuneplanen eller reguleringsplan er lagt ut til busetnad og anlegg. 
  • Andre ubebygde areal som i reguleringsplan er regulert til anna enn LNFR-område, eller som i arealdelen av kommuneplanen er lagt ut til busetnad og anlegg.
  • Erverv av dei fleste type leiligheiter. 

Dersom du ikkje treng å søkje om konsesjon må du fylle ut eit skjema som heiter ”Eigenfråsegn om konsesjonsfridom”. Skjemaet får du hjå kommunen, eller du kan laste det ned frå Landbruksdirektoratet si heimeside.

Kven slepp eigenfråsegn om konsesjonsfridom?

I enkelte tilfelle er det verken nødvendig å fylle ut skjemaet for eigenfråsegn om konsesjonsfridom eller å søkje om konsesjon. Dette gjeld overføringar knytt til bestemte situasjonar, for eksempel at eigedomen er mindre enn 2 dekar og har bygningar. Felles for desse fritaka er at eigedomen må liggje i eit område med vanleg konsesjonsgrense (ikkje nedsett konsesjonsgrense), i tillegg til nærare bestemte vilkår. I lista nedanfor kan du sjå om du slepp konsesjonspapir.

Liste over tilfelle der ein slepp å søkje om konsesjon eller fylle ut skjema for eigenfråsegn om konsesjonsfridom – «Rundskriv for Tinglysingen» kapittel 15.1.

Buplikt

Landbrukseigedomar med buplikt er bebygde eigedomar der fulldyrka og/eller overflatedyrka jord er meir enn 35 dekar, eller eigedomen består av meir enn 500 dekar produktiv skog. Som bebygd eigedom reknast her eigedom med oppførte bustader som er eller har vore brukt som heilårsbustad. Buplikt inneber at du innan eitt år frå overtakinga, busett deg på eigedomen og bur der i minst 5 år.

Du må søkje konsesjon viss du ikkje har til hensikt å oppfylle buplikta. I vurderinga av søknaden skal kommunen legge særskilt vekt på:

  • omsynet til busetjinga i området
  • om overtakinga av eigedomen inneberer ei driftsmessig god løysing
  • om overtakinga tek omsyn til ei heilskapleg ressursforvalting og til kulturlandskapet
  • eigedomen sin storleik, avkastningsevne og hustilhøve
  • di tilknyting til eigedomen, livssituasjonen din kan også leggast vekt på

Kommunen kan også setje vilkår om buplikt i samband med ei konsesjonssak. 

Meir informasjon om konsesjon og buplikt finn du Landbruksdirektoratet sine nettsider

Kontakt

Mandy Häger
Jordbrukssjef
E-post
Mobil 47 71 57 41

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post