Klage på vedtak etter plan- og bygningsloven

Vedtak ( enkeltvedtak ) etter plan- og bygningsloven kan klagast på av den som er part eller på annan måte har rettslig klageinteresse.  Klageinstans er Fylkesmannen i Møre og Romsdal, men skal stillast til kommunen for vurdering av klagen. Kommunen sender klagesaka til Fylkesmannen dersom klaga ikke blir tatt til følgje.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Korleis klagar du?

Klagen må:

  • vere grunngjeven. Klagen bør også nemne alle opplysningar som kan vere avgjerande for kommunen si vurdering.
  • angi kva vedtak det vert klaga på.
  • angi kva endringar som  er ønska i vedtaket det blir klaga over.
  • vere underteikna.
  • vere postlagt innan fristen for å klage går ut

Inneheld ei klage feil eller manglar, set forvaltningsorganet ein kort frist for retting eller utfylling.

Det er ikkje gebyr for behandling av klager.

Klagen vert å sende til Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven eller på e-post til postmottak@sykkylven.kommune.no

Aktuelt lovverk

Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)