Overgang frå barneskule til ungdomsskuleRutinane fastset fristar og rutinar i overgangsperioden. Sist endra 23.10.2024 10.24 Desember / januar: kontaktlærarane i 7. klasse får epost med innkalling til møte på ungdomsskulen i januar/februar. Vedlegg: elevskjema til utfylling, og brev til foreldra. Januar: Ungdomsskulen har møte med PPT om nye 8. klassingar Januar / februar: møte med kontaktlærarane på barneskulen. Dei har med ferdig utfylt skjema på alle elevar, og kopi av IOP / årsrapportar. Februar / mars: Ungdomsskulen besøker barneskulane. Info om valfag og språk. Mars: Foreldremøte for nye 8. klasseforeldre i kantina. Rektor /ass.rektor /rådgjevarar / PPT / helsesjukepleiar / språklærarar. Mars: 17.mars: frist å levere gruppedelinga og valfagskjema/språkvalskjema. April: eventuelt nytt møte med PPT Mai / juni: klasselistene og kontaktlærarane er klare. Alle får e-post om det på same tidspunkt. Juni: nye 8. klasser besøker ungdomsskulen. I forkant skriv alle elevane ned litt om seg sjølve: interesser/hobbyar dei driv med, kva fag dei likar best/ikkje likar, kvar dei bor, om dei gler eller gruer seg til å ta til på ungdomsskulen o.s.b.; det dei har lyst at den nye kontaktlæraren skal vite om dei. Ta med. Overgangsmøte (vi avtalar med PPT kven som skal sende ut innkalling, og kven som bør vere med på møta). August: Kontaktlærarane har foreldremøte m nye 8. klasseforeldre.