Prisar for SFO 2025

Sjå vedtekter for SFO her.

Oppdatert etter vedtak i kommunestyret 16.12.2024.

Satsar for SFO
Tilbod frå 1. januar 20252025 Opphald2025 kostpengar* (kjem i tillegg til opphaldet)
Fulltidstilbod kl 07.15- 16.15 + alle langdagar**kr 3 213kr 281
Ettermiddagstilbod: frå skuleslutt til kl.16.15 + 20 langdagar**kr 2 440kr 281
Alternativ 1: deltidstilbod kl 07.15 - 15.00 alle dagar + 20 langdagar**kr 1 792kr 281
Alternativ 2: deltidstilbod kl 07.15 - 16.15 tre (3) dagar pr. veke + 20 langdagar**kr 1 792kr 169
Alternativ 3: deltidstilbod frå skuleslutt til kl 16.15 alle skuledagar (ingen langdagar**)kr 1 792kr 246
Morgontilbod kl 07.15 - 08.15kr 671kr 0
Kjøp av enkeltdagar***kr 336kr 17
Barn med særskilte behovkr 0kr 281
1., 2. og 3. trinn har inntil 12 timar gratis kjernetid per veke. Gjeld ettermiddagar og inntil 8 langdagar.Fråtrekk på inntil kr 1 835 på fakturaen for valt opphald.kr 246

* Kostpengar fakturerast alle barn på SFO. Ein kan søke til SFO-leiar om fritak for betaling av kostpengar på særskilt grunnlag, som f.eks. allergiar, og legge ved dokumentasjon.

​** Langdagar er dagar det ikkje er undervisning på skulen, men SFO held opent frå kl. 07:15- 16:15. Oversikt over SFO-året sine langdagar vil kome fram i SFO-ruta (heimesida).

*** Kjøp av enkeltdagar: Sjå Forskrift om SFO § 5-4 (PDF, 190 kB).

Gratis kjernetid

Gratis kjernetid skal fordelast på dei dagane SFO normalt er open. For Sykkylven sin del betyr dette at alle elevar på 1.-3. trinn med SFO-opphald har rett på 12 timar gratis SFO per veke innanfor tidsrommet klokka 07.15-16.15. Dette gjeld uansett kva type SFO-opphald eleven har. Dette betyr at ein vil få inntil kr 1 835,- i fråtrekk på fakturaen kvar månad, noko som medfører at deltidstilboda (alternativ 1-3)  og morgontilbodet i praksis vert gratis for elevar på 1.-3. klassetrinn.  Alle må likevel betale kostpengar / fruktpengar.

Moderasjonsordningar

  • Lokalt vedtak om søskenmoderasjon: det vert gjeve søskenmoderasjon tilsvarande 25 % på barn nr. 2, deretter 40 %.
  • Sentralt vedtak om redusert foreldrebetaling for 1.- 4. trinn: Foreldrebetalinga til SFO skal maksimalt utgjere 6 % av den samla person- og kapitalinntekta i hushaldninga.
  • Sentralt vedtak om at barn med særskilte behov på 5.-7. trinn skal ha gratis tilbod i SFO.
  • Sentralt vedtak gjeldande frå 1. august 2022: Inntil 12 timar gratis kjernetid for elevar på 1. trinn.
  • Sentralt vedtak gjeldande frå 1. august 2023: Inntil 12 timar gratis kjernetid for elevar på 2. trinn.
  • Sentralt vedtak truleg gjeldande frå 1. august 2024: Inntil 12 timar gratis kjernetid for elevar på 3. trinn.

Kontakt

Janne Marstrander
SFO-leiar / avdelingsleiar Aure barneskule
E-post
Telefon 95 01 88 53
Rune Haugrønning
SFO-leiar/avdelingsleiar Sørestranda skule
E-post
Mobil 95 92 28 89

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post