Norskopplæring for vaksne innvandrararSykkylven opplæringssenter tilbyr norskprøve, samfunnskunnskapsprøve og statsborgerprøve. Samfunnskunnskapsprøve og statsborgerprøve har løpande påmelding. For norskprøva er det påmelding fire gongar i året. Ta kontakt med avdelingsleiar ved vaksenopplæringa for å søke om plass. Publisert 30.04.2024 13.35 Sist endra 30.04.2024 13.36 Avdelingsleiar ved vaksenopplæringaClara Aarseth-Strømmegjerde Tlf: 46 95 41 58E-post: clara.strommegjerde@sykkylven.kommune.no Informasjon om ulike rettar Desse har rett og plikt til gratis opplæringFølgande personar har rett og plikt til gratis opplæring i norsk og samfunnskunnskap:Personar med opphald ut frå asylstatus, humanitært grunnlag og kollektivt vernFamiliegjenforening med ovannemndeFamiliegjenforening med norske eller nordiske borgararDesse har plikt til opplæring, men ikkje gratis rettFølgande gruppe får ikkje rett til gratis opplæring, men har plikt til å gjennomføre opplæring i norsk og samfunnskunnskap for å få busettingstillating (permanent opphaldsløyve) eller norsk statsborgarskap:Arbeidsinnvandrarar utanfor EØS / EFTA-områdetPersonar som kjem til landet på grunn av familiegjenforening med desseDesse har ikkje plikt til opplæring, men rett til opplæring mot betalingStudentar, au-pairar, andre med mellombels opphald, nordiske borgarar og personar med opphald etter EØS/EFTA-regelverket fell utanfor ordninga med rett og plikt til opplæring. Desse kan få tilbod om kurs i norsk mot å betale kursavgift. Norskkurs på dagtid og kveldstid Dette tilbyr vi på dagtid Vi har i hovudsak norskkurs for personar med rett og plikt til opplæring på dagtid. Gjennom kartleggingssamtalar finn vi ut kva opplæringsløp som passar for deg. Vi tilbyr per no kurs innan alfabetiseringsmodulen, og frå A1-B1 nivå. Timetalet varierer ein del då norskopplæringa på dagtid er ein del av timeplanen til deltakarar i introduksjonsordninga. Antal norsktimar på kursa varierer frå 6-15 timar norsk i veka, fordelt på 2-5 dagar.Dette tilbyr vi på kveldstidPå kvelden har vi norskkurs som er på eit høgare spor. Det betyr at deltakarane her oftast har tidlegare utdanning frå heimlandet. Ein stor del av arbeidsinnvandrarane vel å gå på kveldskurs, eller ein kombinasjon av dag og kveld (skiftkurs). Slik søker du om norskopplæring Ta kontakt med avdelingsleiar så vert det avtalt eit møte. Etter kartlegginga, får ein plass i ei gruppe som passar ditt språknivå. Oftast er det oppstart kvart semester, men får ein raskt fylt opp ei gruppe, vert det og satt i gong kurs oftare.Søknad om fritakDet er mogleg å søke om fritak frå plikta til opplæring, om ein kan dokumentere norskkunnskapar etter bestemte reglar. Søknadsskjema får du ved å kontakte avdelingsleiar. Kva kostar det? 60-timars kurs: kr. 6.000 + lærebøker. (Sjå først dei ulike gruppene som har rett til gratis opplæring)