Søke om redusert foreldrebetaling for SFO-plass

Ordninga gjeld for barn i 1.-4. trinn med SFO-plass i dei kommunale grunnskulane i Sykkylven og er søknadsbasert. Lenke for innlogging til søknadskjema

Familiar med lav inntekt har rett til redusert foreldrebetaling i SFO. Ei hushaldning skal ikkje betale meir enn 6 % av samla skattepliktig inntekt (brutto årsinntekt) for ein SFO-plass. 

Basert på dagens takstar (2026) betyr dette at inntektsgrensene for å ha rett på redusert betaling er følgjande for dei ulike tilboda (gjeld samla inntekt for husstanden):

  • Fulltidstilbod kl. 07.15-16.15: Kr 609 583
  • Deltidstilbod 1 kl. 07.15-16.15 (3 dagar): Kr 365 750
  • Deltidstilbod 2 (ettermiddagstilbod) frå skuleslutt til kl. 16.15: Kr 482 350
  • Deltidstilbod 3 (morgontilbod) frå kl. 07.15 til skulestart: Kr 127 233

 

Ordninga med redusert foreldrebetaling er søknadsbasert. Vedtak om redusert betaling gjeld for eitt år om gongen, og ein må difor søke for kvart skuleår. Det er kommunen barnet har folkeregistrert adresse i som skal behandle søknaden. Søknadsskjema for redusert foreldrebetaling i SFO ligg øvst på sida.

Frå 1. august 2022 vart det innført 12 timar gratis SFO for elevar på 1. trinn.

Frå 1. august 2023 vart det innført 12 timar gratis SFO for elevar på 2. trinn.

Frå 1. august 2024 vart det innført 12 timar gratis SFO for elevar på 3. trinn

Difor vert inntil 1 900 kroner trekt frå den månadlege betalingssummen i utrekninga dersom hushaldninga har rett til 12 timar gratis SFO.

Søknadsfrist

Dei som ønsker reduksjon i betalinga gjeldande frå starten av eit nytt skuleår, må søke innan 10. juni. Det kan også søkast undervegs i året, men då vil reduksjonen i betalinga gjelde frå månaden etter at kommunen har motteke søknaden.

Krav om dokumentasjon

For å få innvilga søknad om betalingsreduksjon vert det stilt krav om skriftleg dokumentasjon på skattbar inntekt. Så sant ein ikkje er einsleg skal det leverast dokumentasjon for begge foreldre/føresette i husstanden. Siste skattemelding (sjølvmelding) skal sendast som vedlegg i søknaden.

Unntaksvis kan kommunen godta anna form for dokumentasjon, til dømes frå NAV. Dette gjeld dersom det har skjedd ei vesentleg og varig endring av inntekta (t.d. grunna arbeidsløyse), slik at skattemeldinga ikkje gjenspeglar den faktiske inntekta. Hushaldningar som ikkje kan legge fram skattemelding (t.d. innvandrarar/flyktningar) kan legge fram annan dokumentasjon for inntekt frå flyktningkontoret.

Både person- og kapitalinntekt skal reknast med. Dersom det er vesentlege endringar sidan siste skattemelding, er du som søkar pliktig til å opplyse om dette.

Meir utfyllande opplysningar finn du ved å gå inn på søknadsskjemaet.