Fritak for renovasjon, slamtømming, feiing, vatn og avløp
Bustader som ikkje har vore i bruk det siste halve året, kan søke skriftleg om fritak for renovasjon, slamtømming, feiing, vatn og avløp. Det vert ikkje gitt fritak for fritidsbustader.
Retningslinjer for søknad om fritak:
- Fritak årsgebyr vatn og avløp: godkjent plombert vassinntak
- Fritak slamtømmegebyr: godkjent plombert vassinntak
Søknadsskjema
Har du ikkje moglegheit til å sende oss ein digital søknad, kan du sende søknad pr. e-post: postmottak@sykkylven.kommune.no.
Søknaden må innehalde:
- Opplysningar om eigedomen (gards- og bruksnummer, adresse, namn på eigar)
- Kva bustadtype det er (heilårsbustad, fritidsbustad/hytte m.m)
- Kva søknaden gjeld (slamtømming, vatn- og avløpsgebyr, feiing)
- Grunngjeving (kva som er årsaken til at du søker om fritak)
Søknad om utsleppsløyve
Dersom du skal etablere nytt utslepp eller auke eit eksisterande utslepp av sanitært avløpsvatn, må du sende inn søknad om utsleppsløyve. Dette gjeld for bustadhus, hytter, turistbedrifter og liknande verksemder med mindre enn 50 personekvivalentar (pe).
Søknaden skal sendast digitalt via Entreprenørportalen, i tråd med forureiningsforskrifta kapittel 12.
Større private vassverk i kommunen
- Hundeidvik vassverk
- Sætre og Jarnes vassverk
- Straumgjerde vassverk
- Øvre Velledalen vassverk