Kommunedirektør

Kommunedirektør er øvste leiar for administrasjonen i kommunen.

Kommunedirektøren er tilsett i kommunen, til forskjell frå ordførar som er politisk valt av kommunestyret som den politiske leiar. 

Kommunedirektøren skal sjå til at administrasjonen vert driven i samsvar med lover, forskrifter og overordna instruksar, og at administrasjonen er gjenstand for påliteleg kontroll. 

Kommunedirektøren skal sjå til at saker som blir lagt fram for kommunestyret, formannskap og andre politiske organ er forsvarleg utgreiia, og at vedtaka blir sett i verk. 

Kommuneleiinga

Kommunalsjefane skal, saman med kommunedirektør, bidra til ein heilskapleg, langsiktig og strategisk leiing av kommunen. 

Kommunalsjefane er ein del av kommunen sitt leiarteam som består av kommunedirektør, kommunalsjefar, stabssjef,  økomonisjef og personalsjef.

Kontakt

Torbjørn Ove Emblem
Kommunedirektør
E-post
Mobil 46 40 56 10

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post