1.gongs høyring og offentleg ettersyn av Sykkylven kommune sin del av Felles sjøarealplan for Storfjorden

Sykkylven kommune har i samarbeid med Fjord kommune og Stranda kommune utarbeida ein felles sjøarealplan. Sjølv om prosessen har vore gjort i fellesskap så blir planen behandla som ein eigen kommunedelplan for kvar av dei tre kommunane sitt areal. Nærings- og utviklingsutvalet (NU) i Sykkylven kommune behandla planforslaget for Sykkylven sin del i møte 19.03.2024 og vedtok å sende det ut til 1. gongs høyring og offentleg ettersyn. I samband med dette er det høve til å komme med merknad til planforslaget i høyringsperioden.

Dokument knytt til saka finn du her.

Kom med merknad innan 16.05.2024
Om du har merknad til planforslaget kan du sende det via sjema:

Høyringsuttale - elektronisk skjema

Eventuelt på e-post til postmottak@sykkylven.kommune.no eller post til Sykkylven kommune, Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven. Merk innspelet med saksnummer 20/3528.

Har du spørsmål?
Ta kontakt med sakshandsamar Arild Sunde Rinnan på telefon 94 78 46 89 eller arild.sunde.rinnan@sykkylven.kommune.no