2,15 millionar til tettstadutvikling i Sykkylven

Sykkylven sentrum er eit kompakt bygdesentrum med urbane kvalitetar og stort potensiale for utvikling. Vi ønsker å revitalisere sentrum som handelsstad, som arena for aktivitet og opplevingar, og som ein attraktiv møteplass for innbyggarar og tilreisande. Vi ønsker å styrke samspelet sentrum- stader/tettstadar i kommunen

illustrasjon biliotekpark arkitekt

Fylkeskommunen gir tilskot til ei prosjektleiarstilling for tettstadutvikling, til opparbeiding av parken utanfor biblioteket og til Lionsgruppa sitt prosjekt Vinterlys i sentrum

Gjennom samlokalisering av bibliotek, frivilligsentral og Sykkylven næringsutvikling vil vi utforske synergiar og nye moglegheiter for samskaping, tettstadutvikling og innbyggarinvolvering.

-Kommunen viser til klare samanhengar mellom omsøkt prosjekt – Skaparglede i sentrum - og omstillingsprosjektet i Sykkylven, og peikar på at det er samanheng mellom stads- og næringsutvikling. Tettstadutvikling er eit viktig grep for å gjere seg attraktiv for bulyst og framtidige arbeidstakarar. Vi er glade for at dei ser denne koplinga, og meiner at ei slik heilskapleg tilnærming til sentrumsutvikling som eit verktøy for ønska samfunnsutvikling gir dei svært gode føresetnadar for å lukkast (sitat frå Fylkeskommunen).

Kommunen får nå tilskot til ei prosjektstilling som skal drive dette viktige arbeidet framover. 

Parkområde utanfor biblioteket er eit konkret tiltak for å gjere sentrum til ein triveligare stad. Ny park i samspel med nytt bibliotek,  SkaparLINKEN, og etter kvart frivilligsentralen i same bygg, skaper nye møteplassar og bidreg til trivsel og aktivitet.  

-At Bankparken kjem på plass undervegs i denne prosessen vil dessutan vise at kommunen også tek tak i både bygningsmasse og eigne uteareal – noko som kan motivere andre til å utvikle sine eigedommar i sentrum (sitat frå Fylkeskommunen).

Landskapsarkitekt har laga justerte planar for parken, og prosjektet er no lyst ut på anbod.

Sykkylven Lions er primus motor for prosjektet Vinterlys i sentrum. Gjennom kreativ lyssetting løftar ein gatebildet i mørketida. Fylkeskommunen skriv  - dette eit grep som fleire byar har tatt dei seinare åra for å styrke opplevingsverdien av sentrum i mørketida. Tilskotet frå Fylkeskommunen er eit viktig bidrag for fullfinansiering av prosjektet.

Kontaktperson Njell Hoftun tlf  47658757

illustrasjon biliotekpark arkitekt