Aktuelt

26.08.2022 10.50

Aktuelt

Kommunane Stranda, Sykkylven og Fjord har gjort vedtak om å forlenge dei karantenekrava som vart vedtatt for ei veke sidan, men opnar opp for at næringsaktørar kan søkje dispensasjon dersom karantenekrava skulle medføre store ulemper for næringsaktiviteten. Dette vedtaket gjeld i første omgang til og med måndag 30. mars. Vedtaket er grunngitt i smittevernlova og tar utganspunkt i at desse kommunane framleis er i fase 1 av epidemien. Dei tre kommunane har intensjon om å vidareføre strenge karantenekrav også vidare, men avventar nasjonale retningsliner som er venta  løpet av helga.

 Kjære sambygdingar

 No er vi inne i ei uverkeleg tid og kvardagen vi vakner opp til er annleis og krevjande for oss alle.

Dramatiske tiltak er sett i verk, i håp om å redusere spreiinga av korona-viruset.

Har du behov for å bli kvitt ekstra avfall kan du kjøpe ekstrasekk av ÅRIM.

Ekstrasekk får du kjøpt hjå Sykkylven Energi

Sykkylven kommune er ei "Av-og-til" kommune. 

Dei bidreg med ei god oversikt over telefon- og chattetenester som held ope for deg som treng nokon å snakke med om rus og psykisk helse.  

Landbrukstenestene samarbeider med kommunane i sitt ansvarsområde om å byggje opp ein reservestyrke for husdyravløysing dersom behovet for ekstramannskap oppstår i samband med Korona-pandemien.

Sykkylven kommune sende 17. mars ut ei melding om nye karantenereglar.  

For fasttelefonar gjekk dette ut som ei talemelding frå ei talemaskin På denne talemeldinga skulle ein kvittere med eit tastetrykk. 

For mobiltelefonar gjekk dette ut som ein SMS.


 

1) Alle som kjem til kommunen etter reiser i områda synt til i punkt 4 i Noreg vert ilagt  heimmekarantene i 14 dager etter dei kjem til kommunen.

2) Personar som er tilreisande frå område i punkt 4 og som ikkje har bustad/opphaldsstad i kommunen vert forbydd å opphalde seg i kommunen.

3) For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld myndigheitenes til ei kvar tid gjeldande føringar for konvertering av karantene til isolasjon.

4) Vedtaket gjeld per 16.03.2020 følgjande områder: Fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland.

Folkehelseinstituttet gjekk i går 13.03.2020 ut og ba om at born som er heime frå skule og barnehage er mest mogeleg heime. Ein kan vere saman med søsken som vanleg, dette gjeld også born frå skilte familier som har fleire heime.

Fleire av tenestene til Sykkylven kommune blir stengt frå fredag 13.mars. (sist oppdatert 16.03 11.20)